Skip to Content

Møllepils 4.7% - 0.33l

Møllepils er vår «all rounder». Ølet du vel fordi det berre er tørstesløkkjande, balansert og matvennleg. Like godt til fotballkampen som til grillen i hagen, tenkjer vi. Her har vi vore litt konservative med ingrediensane. Fordi det er greitt å ha ei god forankring i tradisjonar.

Kvernkall Blonde 4.7% - 0.33l

Det kule med belgisk gjær er at den har mykje personlegdom. Ein personlegdom vi på Tøsse liker. Når vi lar den gjære på litt høgare temperatur, så set den smak på ølet med gode aromaer av banan, vassmelon og kvit pepar. Så no forstår du kvifor vår Blond er så utrykksfull.

Steinmalt IPA 4.7% - 0.33l

Det går då ikkje an å ikkje like humle?! På Tøsse elskar vi blomane frå denne slyngplanta. Dei bidreg med tonnevis av aromaer. Fruktige, florale, vegetale og parfyrmerte. I denne IPA’en har vi boltra oss med humle frå vårt rikhaldige humlelager: Cascade, Cashmere, Idaho 7 og Eldorado.

Møllefossen Weissbier 4.7% - 0.33l

Mange trur at tyskarar berre lagar lagerøl.  Men slik er det ikkje.  Mange variantar av ale kjem frå Tyskland.  Weissbier er eit døme på god tysk ale.  Kunsten med å lage god weissbier, eller kveiteøl, ligg i presis styring av gjæringstemperatur.  Vi på Tøsse trur vi er flinke på slikt.  Derfor er dette kveiteølet uttrykksfullt med avstemt fruktigheit og eit krydra preg. Prøv gjerne ølet til sjømat eller skaldyr.

Oster IPA 7% - 0.33l

Ein skikkeleg IPA krev balanse: God bitterheit, fyldig maltprofil og masse aroma frå gode humletypar. Det høyrest kanskje enkelt ut? Hjå oss på Tøsse dreiar alt seg om balanse. Galaxy, Idaho 7, El Dorado og Cashmere har fått lov til å prega denne IPAen.

Triør Imperial Pilsner 6.5% - 0.33l

Ein god pils er herleg.  Men kva med å gjere den enda betre?  Det er det vi har gjort her.  Imperial Pilsner er trippel dekoksjonsmeska.  Dette er ein omstendeleg prosess som «ingen gjer lenger», men som gjev den beste fyldigheita og smaken.  Litt sterkare enn ein vanlig pils er den også.  Og med litt ekstra humle for å sikre dei beste aromaene.  Nyt den sakte.  Med gode vener, eller dei du er glade i. Passar mellom anna til mellomlagra ostar, røykt fisk, fårikål, frikassé og lapskaus.

Paddien Vienna Lager 4.7% - 0.33l

Det er mange fokus ein kan ha under skapinga av eit øl. Nokre gonger er dette på humle, andre gongar på byggmalt. Sidan me på Tøsse har lange tradisjonar omkring korn, er det lett å la dette styre vår kjærleik til produkta våre. Dette Vienna-ølet er eit lagerøl av typen dei brygga i Wien på 1800-talet, med deilig og god djupde frå maltet. Som vanleg har me og sjølvsagt tilsatt litt av vår eigen havre. Me håpar at fleire delar vår entusiasme for denne øltypen!

Grisette 4.5% - 0.33l

Dette ølet vann årets heimebryggarkonkurranse i regi av Bergen Ølfestival 2025! Oppskrift er laga av Reinhardt Mjaatvedt, og brygga med gjær frå Brasserie Thiriez i Frankrike! Grisette er ein fransk-belgisk ølstil, med litt lavare alkoholprosent, som gruvearbeidarar og bønder ofte kosa seg med etter dei hadde fullført dagens harde arbeid.

Mølle jul 4.7% - 0.33l #Sesong

Me nordmenn likar mørkt øl til Jul.  Øl med god fylde og litt sødme.  Fordi det passar både til årstida og julematen.  Me på Tøsse meine at Mølle Jul er akkurat det ein treng når nettene blir lange og kulda setter inn.

Møllarens jul 6.5% - 0.33l #Sesong

Tradisjonelt var juleøl både sterkt og komplekst.  Dette tar me på Tøsse på alvor.  Maltsamansetninga i Møllarens Jul er kjempegøy, og gir mange assosiasjonar i ganen.  Kjeks?  Kaffi?  Tørka frukt?  Bakst?  Honning?  Furuskog?  Me overlet det til deg å konkludere.

Wollert Imperial Stout 14% - 0.33l (Kjem våren 2026)

..

HavreWit 4.7% - 0.33l (Kjem våren 2026)

Verda er full av paradoks. Har du høyrd om risotto laga av byggryn? Eller mjølk laga av havre? Me på Tøsse er nok ikkje så mykje betre. Vår kjærleik til havre, har fått oss til å lage ein wit utan kveite. Umogeleg seier du?

Ikkje for oss på Tøsse!

Jute Alkoholfri Pils 0.5% - 0.33l (Kjem våren 2026)

Hahaha... du trudde kanskje at eit alkoholfritt øl var enkelt å brygge?  Omtrent som å lage mat på eige kjøkken? Sannheita er at alkoholfritt øl er vanskelegare å lage enn dei fleste andre øl. Kvifor? Svaret på dette er ganske samansett, men det dreier seg om at me har få ingrediensar og korte prosessar, og kven kan lage gode ting av lite?  Det blir som å koke suppe på en spikar.